Friidrett - Stevner på Tau stadion våren 2019

Kor fort spring du? Kor høgt og kor langt hoppar du? Og kor langt støtar du kule? Møt opp på eit av friidrettsstevnene på Tau stadion og få eit svar.

Det bir arrangert 3 friidrettsstevner på  Tau Stadion våren 2019:

Torsdag 9. mai 17:30  (Lengde, 60m, høgde, 600m) - ingen premiering

Torsdag 23. mai 17:30 (Lengde, 60m, kule, 600m) - ingen premiering

Sundag 2. juni - Ryfylkemeisterskapet (Lengde, 60m, kule, 600m, høgde) - Premie til alle

Stevnene er opne for alle ungar i skulealder. Ein treng ikkje vere "friidrettsutøvar" for å springe, hoppe og kaste.

Alle som deltek på Ryfylkemesterskapet får premie, og for aldersklasse 13. år og oppover blir det delt ut premie til fyrste-, andre- og tredjeplass.

Me som driv med dette vonar så mange som mogleg kjem på stevna. Spring ein fort med ball, spring truleg òg fort utan ball!

Tor-Bjørn Næss

Følg oss i Sosiale medier

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift