Strandamesterskap i friidrett

Lørdag 2. juni for barn og ungdom i alle aldre. 3000 m for voksne. Alle kan delta!

Laurdag 2. juni vert det arrangert Strandamesterskap i friidrett på Tau stadion.
Konkurransane startar klokka 12, og det blir opna for påmelding klokka 11.
Det vert konkurrert i følgjande øvingar:
- 60m og 100m
- Lengde
- Kule
- 800m
 
 I tillegg satsar me på å få til ein 3000m for vaksne viss det er tilstrekkeleg interesse for det.
 
Born og ungdommar i alle aldrar er velkomne til å delta. For dei under 12 år blir det premie til alle som gjennomfører 3 øvingar. For dei over 13 år blir det premie til dei tre beste.
 
Det kostar ikkje noko å delta og ein treng sjølvsagt ikkje vere registrert som friidrettsutøvar for å vere med å konkurrere. Dess fleire ungar på bana, jo kjekkare blir det så me håpar at òg fotball- og handballmiljøet stiller sterkt.
 
Kiosken vil sjølvsagt vere open, og me satsar på ein føremiddag med glade ungar, premiar og is!
 
Tor-Bjørn Næss
Leder Friidrett MIL

Følg oss i Sosiale medier

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift