Midtbygdens Idrettslag

Trygg reise med MIL

Trygg reise med MIL

MIL ønsker å være en trafikksikker organisasjon. Her er en retledning for foreldre og trenere som transporterer klubb medlemmer i MIL sammenheng.

Se vedlegg for fullstendig info. Under følger et utdrag:

 

Aktivitetar som organisasjonen gjennomfører skal opplevast som sikre for alle medlemene.


Ein frivillig organisasjon skal vere bevisst på at den har samfunnsansvar innan kommunen sitt
folkehelsearbeid. Desse retningslinjene skal vere haldningsskapande, særleg innan trafikktryggleik.

  • Me tar vare på eigne og andre sine barn i trafikken
  • Du skal vere eit positivt forbilde for medlemer i organisasjonen
  • Haldningane dine bak rattet blir lett overført; køyr forsiktig og vis sunne haldningar
  • Sjåføren skal passe på at alle har bilbeltet på, før turen startar

På bil og bussturer:

  • Me reknar oss alltid god tid
  • Føraren skal køyre med riktig hastigheit, men aldri over fartsgrensa
  • Førar bør unngå bruk av mobiltelefon, men ved bruk skal det nyttast handsfree-utstyr
  • Me brukar utkvilte sjåførar som syter for å få nok søvn før køyring
  • Me tar pausar undervegs på lange strekningar
  • Me har fyrstehjelpsutstyr
  • Me brukar buss med trepunkts setebelte
  • Me sikrar last i buss, bil og hengar på ein forsvarleg måte
  • Ved av- og påstiging skal sjåføren passa på at passasjerane ikkje blir utsett for uhell
  • Planlegg køyringa slik at du slepp å rygge, viss det er råd Ved rygging for å hente utstyr og liknande skal det alltid stå ein person bak bilen og passe på at det ikkje er nokon i vegen

Midtbygdens Idrettslag

Postboks 119

4124 Tau

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift